Easter 2016

 

I påsken har eg vore på besøk i Bergen. Det har vore ein rolig ferie, med mykje lesing og skriving av oppgåve. I starten av mai er det ikkje mindre enn tre oppgåver som skal inn, og eg prøvde å vere smart å begynne på ei av dei allereie no. 

På flyplassen i Stavanger fann eg nokre bøker som verka veldig spennande. Asylum og Sanctum av Madeleine Roux, og sidan det var tre for to kjøpte eg også Inferno av Dan Brown. Eg har lese ferdig Asylum og har starta på Sanctum.

Eg har også lese ferdig Skyggeritualet av Eric Giacometti og Jacques Ravenne og Hunger Games av Suzanne Collins. Den første var ikkje heilt fengande, men det blei betre mot slutten. Og Hunger Games svara til alle forventningane eg har hatt til ho, utruleg spennande sjølv om eg har sett filmane. Gler meg til å lese resten av dei.

Det blei også tid til ein liten tur på fjellet, eller i parken. 

Spring market at Tou Scene

 

Me gjekk på vårmarknad på Tou Scene for nokre veker sidan. Eg fann denne fine kjolen med fuglar på og kjøpte han etter å ha gått to rundar. Eg kjøpte også nokre magnetar som lova å halde minst 3 ark på kjøleskapet. Kjøpte også den siste tegneserien til Tim Levang "Damn Days 5: Thanks Grandpa", ein fin liten sak. Ringen kjøpte eg på Indiska, men same dagen, så eg tok han med på dette bilete.

Eg likar utroleg godt å gå på marknadar og loppemarked for å sjå på alle dei fine tinga som folk lagar og sel, og på alle dei fine kleda.

Went to the spring marked at Tou Scene a few weeks ago. I got this beautiful dress, with birds on. I also found some really nice magnets, that promised to hold at least 3 sheets of paper on my fridge, and Tim Levang's comic "Damn Days 5: Thanks Grandpa". I bought the ring at Indiska, but I threw it in this picture anyway. 

I love going to fairs and markets, looking at the beautiful crafts and vintage clothing people sell. 

February a summary

 

● Har vore på konsert med Manowar i Stavanger Konserthus. Ein fantastisk opplevelse.
● Eg feira bursdag med ein fantastisk gjeng, vi hadde piratfest.
● Vi hart kjøpt to nye hyller til kjøkkenet og eg elskar dei.

● Went to a Manowar concert at Stavanger Concerthall. It was a great experience.
● I celebrated my birthday with my best friends, and we had a pirate party.
● We bought two new shelves for our kitchen, and I really love them.

● Eg fekk bøker til bursdagen, som vil seie at eg også måtte rydde bokhylla.
● Første eksamen er ferdig for dette semesteret.
● Det blei ikkje tid til å lese ferdig ei bok i februar.

● I got books for my birthday, which means sorting my bookshelves.
● First exams for this semester is done.
● There was no time to finish a book in February.

January a summary

 

● Skulen starta igjen, og eg er no på mitt sjuande semester på lektorprogrammet.
● Eg har teke fram Monster Hunter 4 Ultimate igjen og starta på Witcher 3.
● Vi har vore på kino og sett The Hateful Eight og The Force Awakens.
● Det har vore minst to sjukehusbesøk og utallige blodprøver i januar, men heldigvis ikkje noko alvorleg.

● Uni started up again, and I'm currently at my 7th semester at the teacher education programme.
● I picked up Monster Hunter 4 Ultimate again and started on Witcher 3.
● We went to the cinema and watched The Hateful Eight and The Force Awakens.
● I've been the hospital at least two times, and takes countless bloodsamples, but nothing serious.

● Hadde ein fotografering med kostymet eg laga for eit år sidan. Det mangler berre ein siste finpuss, eller rettare sagt slitasje, så er det ferdig. Fleire bilete her.
● Det har vore dobbel bursdagsfeiring med fint familiebesøk og fine gåver.
● Eg har endelig fått bli pirat i rollespelet vi speler med ein vennegjeng.

● Had a photoshoot with the costume I finished last year. Just a little finishing touch, missing some weathering, and it's done. More photos here.
● We had a double birthdayparty with the family and nice gifts.
● I finally became a pirate in the roleplay game we are doing with some friends.

Goals for 2015

 
_DSC6185_C.jpg

This year I want to

● Read 12 books. One classic, one new author, more dystopian fiction and fantasy.
● Take more pictures. Take out my camera and use it more than my phone.
● Finish two of the costumes I'm working on.
● Visit a new place. Anywhere in the world.
● Buy less things. Just the things I really want and need.

I år vil eg gjerne

● Lese 12 bøker. Ein klassikar, ei bok av ein ny forfattar, meir dystopi og fantasy.
● Ta fleire bilete. Finne fram kameraet mitt og bruke det meir enn mobilen.
● Gjere ferdig to av kostyma er arbeidar med.
● Besøke ein ny stad. Kor som helst i verda.
● Kjøpe færre ting. Berre dei tinga eg verkeleg vil ha og som eg treng.