Easter 2016

 

I påsken har eg vore på besøk i Bergen. Det har vore ein rolig ferie, med mykje lesing og skriving av oppgåve. I starten av mai er det ikkje mindre enn tre oppgåver som skal inn, og eg prøvde å vere smart å begynne på ei av dei allereie no. 

På flyplassen i Stavanger fann eg nokre bøker som verka veldig spennande. Asylum og Sanctum av Madeleine Roux, og sidan det var tre for to kjøpte eg også Inferno av Dan Brown. Eg har lese ferdig Asylum og har starta på Sanctum.

Eg har også lese ferdig Skyggeritualet av Eric Giacometti og Jacques Ravenne og Hunger Games av Suzanne Collins. Den første var ikkje heilt fengande, men det blei betre mot slutten. Og Hunger Games svara til alle forventningane eg har hatt til ho, utruleg spennande sjølv om eg har sett filmane. Gler meg til å lese resten av dei.

Det blei også tid til ein liten tur på fjellet, eller i parken.