Viking summer

 

Vi har vore ute på tokt, og reiste til Avaldsnes Viking festival i år også. Dei har ein kjempefin vikinglandsby der, med mange gjestar og mange utstillarar. Nokon har butikkar, medan andre bur der som vikingar. I år kjøpte eg ikkje så mykje, men fekk med meg nokre småting. 

Helga etter var vi på Hafrsfjordkaupangen heile gjengen. Vi plar å reise med ein annan familie, og møtast ved kaupangen. I år var det enda betre og ei av dei kjekkaste arrangementa til no. Vi fekk kjøpt oss nokre beresnorer til kaffihorna vi fekk til jul, og nokre småting eg ikkje har teke bilete av. Kvart år avsluttar vi ein vellukka kaupang med grilling og vikingfest heime, og ingen untak i år heller.

Seinare skal vi sjå om vi får teke turen til Gudvangen og Njadarheimen. Det håper eg vi får til. Vi skal også av garde til Midgardsblot seinare i august, og det gler eg meg kjempemykje til. Då skal eg finne fram kaffihornet og bli med på ein skikkeleg festival. Metall og viking er ein super kombinasjon.