Summer Books

 

On my readig list:

  • It by Stephen King
  • The Devil in the White City by Erik Larson
_DSC9254_CC.jpg
  • The Diablo Archive by Richard A. Knaak
  • Tørst by Jo Nesbø
  • The Last Wish by Andrzej Sapkowski
  • The Chronicles of Malus Darkblade by Dan Abnett and Mike Lee
  • Hollow City and The Library of Souls by Ransom Riggs
  • A Natural History of Dragons by Marie Brennan

Snapshots

Some snapshots from before the summer. Time flies when you are having fun or are super busy! 

Tida flyg når ein har det gøy, eller når ein har det kjempetravelt. Nokre bilder frå mobilen denne våren.


1. New tattoo. Ny tattovering. // 2. Norse tales. Norrøne forteljingar. // 3. Food. Mat.

4. Zelda - the windwaker. // 5. Katrielle Layton. // 6. New books & game. Nye bøker og eit spel.

7. Journaling. Dagbok. // 8. Reading IT. Eg les IT. // 9. Repo! - the genetic opera.

 

10. Still reading IT. Eg les framleis IT. // 11. New jewelry. Ny ring. // 12. Viking.


Det har vore eit spennande år som lærar, og det har vore travelt. No er det endeleg sommarferie for både meg og alle elevane. Det skal gjere godt å ha litt tid for seg sjølv og ikkje stresse med kvardagen. Ta alt i eige tempo og slappe av og lese. 

M for master

 

Eg er endelig ferdig med masteren. Det har vore eit hektisk år, og ein veldig hektisk innspurt. Men no er altså livet som student over. Masteroppgåva er levert inn, vurdert og presentasjonen vart godkjent. Eg er altså ein eks-student, som nyt sommaren.

I am finally finished with my master thesis and presentation. It has been a busy spring semeseter, and now I am enjoying summer and life as an ex-student.

Hardt arbeid har verkelig hatt nok for seg. A på masteroppgåva og presentasjonen. Sånn, berre for å skryte litt ekstra.

Hard work really payed off. I got an A on both my thesis and my presentation. Just some bragging at the end here.

Summer summary

 

In June I went to Brighton to visit my best friend. I brought back some treasures. // I juni dro eg til Brighton for å besøke bestevenninna mi, og tok med meg heim nokre skattar.

 

We went to a viking festival at Avaldsnes in June, and I worked pretty much all the other days. I had some time to read before and after work. // Vi reiste til vikingfestivalen på Avaldnes i juni, og resten av dagane jobba eg. Det var likevel tid til å lese litt både før og etter jobb.

 

Muse concert in Oslo, Drones tour. Had an extra day to explore the city. // Musekonsert i Oslo, Drones turné. Me hadde ein ekstra dag til å utforske byen.

 

Digitality X Stavanger. Slytherin outfit and Skyrim cosplay. Also bought my first pop figurine. //Digitality X stavanger. Smygard-klede og Skyrim-kostyme. Kjøpte også min første popfigur.

 

The Norwegian summer: Rain, rain and more rain. And suddenly found out there is a viking grave in just behind the hill where we live. // Den norske sommaren: regn, regn og meire regn. Fann plutseleg ut at det er ein vikinggrav i nabolaget.

 

Treasures from this summer. Witcher expansion with Gwent cards, Diablo Archive book collection and a Chocolate frog wizard card. // Skattar frå sommaren. Witcher utviding med Gwentkort, Diablo Archive boksamling og eit sjokoladefrosk trollmannskort.

 

Easter 2016

 

I påsken har eg vore på besøk i Bergen. Det har vore ein rolig ferie, med mykje lesing og skriving av oppgåve. I starten av mai er det ikkje mindre enn tre oppgåver som skal inn, og eg prøvde å vere smart å begynne på ei av dei allereie no. 

På flyplassen i Stavanger fann eg nokre bøker som verka veldig spennande. Asylum og Sanctum av Madeleine Roux, og sidan det var tre for to kjøpte eg også Inferno av Dan Brown. Eg har lese ferdig Asylum og har starta på Sanctum.

Eg har også lese ferdig Skyggeritualet av Eric Giacometti og Jacques Ravenne og Hunger Games av Suzanne Collins. Den første var ikkje heilt fengande, men det blei betre mot slutten. Og Hunger Games svara til alle forventningane eg har hatt til ho, utruleg spennande sjølv om eg har sett filmane. Gler meg til å lese resten av dei.

Det blei også tid til ein liten tur på fjellet, eller i parken.